Vi søkjer turistvertar i Stryn og Olden

Til sommarsesongen 2012 (9. juni – 19. august) søkjer vi turistvertar til turistinformasjonane i Stryn sentrum og Olden.

BileteFoto: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norge

Vi søkjer deg som

  • har gode språkkunnskapar, særleg engelsk og tysk
  • er fleksibel, serviceinnstilt og utadvent

Løn etter tariff.

Kortfatta søknad med CV (ikkje attestar, vitnemål o. l.) sendast skriftleg eller på e-post til:

Reisemål Stryn & Nordfjord AS, Boks 370, 6782 Stryn. E-post: mail@nordfjord.no

Søknad merkast: ”Turistvert”.

Søknadsfrist: snarast, men seinast innan 15. mai 2012.

Posta under Uncategorized | Merkt | Kommenter innlegget

Vertskapskurs 12.-13. mars

Reisemål Stryn & Nordfjord AS inviterer reiselivsnæringa i Nordfjord til vertskapskurs på Gloppen hotell, Sandane, 12.-13. mars 2012 (lunsj til lunsj).

  • Trur du på at kvaliteten på tenestene vi tilbyr er avhengig av menneska som leverer dei?
  • Finst det meir potensiale å utvikle i deira møte med gjestar, kollegaer og medarbeidarar?
  • Ønskjer du å vere med på å påvirke og utvikle vårt felles vertskap for destinasjonen Nordfjord?

Vertskap – den menneskelege forskjell
Godt vertskap kan vere avgjerande for kor vellykka ei ferieoppleving blir. Møter ein godt vertskap, vil dette resultere i at den besøkande får positive assosiasjonar til bedrifta og destinasjonen. Dette vil igjen kunne gi høgare avkasting, gjenkjøp og gratis reklame, bl.a. ved erfaringsdeling på sosiale medium og brukarstyrte nettsider som Tripadvisor. Vertskapskurset fokuserer på å skape ein kultur som brenn for vertskap og viser kor viktig det er å innta ei velkomande haldning – å ville og våge å vere vert i møtet med andre.

Om kurset
Kurset er utvikla av Vertskapet Utvikling AS og Innovasjon Norge og har følgjande element:

  • Boka «Det gode vertskapet»
    Ei lettlest inspirasjonsbok som set lys på vertskapet si rolle når menneske møtast. Fylt av historier og gode eksempel. Ei bok om korleis vi byggjer opp stoltheit og framgang for organisasjonane våre, stadane våre og ikkje minst for oss sjølve.
  • Kurset «Godt Vertskap»
    Kurset blandar i løpet av halvannan dag inspirasjonsforelesningar med dialogar og andre øvingar. Gjennom historier, eksempel og dialogar blir deltakarane tatt med på ei underhaldande og utviklande reise om muligheitene og utfordringane med vertskap, og om kva som skapar velkomande bedrifter og destinasjonar. Kurset fokuserer på:
    - Verdiskaping gjennom vertskap, – Den velkomande faktoren, – Frå service til vertskap
    - Å skape ein velkomande kultur, – Destinasjonen sitt vertskap, – Korleis spele kvarandre gode
    - Det velkomande leiarskapet, – Mitt vertskap – korleis vil eg bidra
  • E-læringskurset «MerVert»
    Etter kurset gjennomgår deltakaren på eiga hand nettkurset MerVert, kurstid ca. 2 timar.
  • Kursbevis
    Deltakarane får eit vitnemål/kursbevis for gjennomgått kurs i «Godt Vertskap».

Kurset blir gjennomført av Vertskapet Utvikling AS ved Märit Torkelson.

Pris for deltaking:
Kurset er støtta og delfinansiert av Innovasjon Norge. Kurspakke inkluderer kurs og kursmateriell, to lunsjar, kaffipausar, felles middag og eventuelt overnatting.

Pris for medlemsbedrifter i Reisemål Stryn & Nordfjord:

Kurspakke med overnatting 12.-13. mars:                          kr. 1500,- (eks. mva)
Kurspakke utan overnatting (inkl. middag):                       kr. 1100,- (eks. mva)
Kurspakke utan overnatting og utan middag:                    kr. 800,- (eks. mva)

Påmelding: Meld deg på til mail@nordfjord.no innan 20. februar

Posta under Arrangement, Kompetanse | Merkt , , , , | Kommenter innlegget

Gloppen Hotell nominert til Reiselivsprisen i Sogn og Fjordane

Gloppen Hotell er ein av seks finalistar til Reiselivsprisen for Sogn og Fjordane som skal delast ut på reiselivskonferansen på Hotel Alexandra i Loen 2.-3. februar.

nettsida for Reiselivskonferansen kan ein lese dette om det nominerte hotellet:

Gloppen Hotel – Distriktshotell med suksess!

Irene og Dag Moen på Gloppen Hotel har bevist at godt vertskap er lønsamt. Med nybygde gjesterom, konferanseavdeling og kjøkken, kan dei i dag ønskje fleire gjester velkommen til staden som engelske lakselordar oppdaga for meir enn 100 år sida. Før utbygginga bidrog dei til lokal verdiskaping med vel 14 millionar i omsetning og 11 arbeidsplassar. Som gjest på Gloppen Hotel forstår du kva det vil seie å nyte maten. Kjøkkensjefen på hotellet, Bodil Fjellestad, har løfta satsinga på lokale råvarer og lokale mattradisjonar heilt til topps i konkurranse med andre reiselivsbedrifter i Norge. Like før jul vant laget Vestpå Det Norske Måltid, kor juryen peika på at desserten til Bodil gjorde utslaget! Satsinga på lokalmat har også gjort dei til vinnarar av Ganefart og i tillegg kan dei smykke seg med kvalitetsstempelet Norwegian Foddprints. Som ein av dei første medlemmane i De Historiske Hotell og Spisesteder, veit dei å vektlegge vertskapsrolla, formidling av lokal kulturhistorie gjennom historiefortelling og gastronomi.
www.gloppenhotell.no

Stem på din finalist til årets reiselivspris!

Posta under Arrangement, Bygdeutvikling, Produktutvikling, Uncategorized | Merkt , | Kommenter innlegget

Ny leiar for reiselivet i Nordfjord

Dagleg leiar i Reisemål Stryn & Nordfjord

I dag tiltrer Inger Elin Nes Hjelle i stillinga som dagleg leiar i Reisemål Stryn & Nordfjord. I tillegg til å bli kjend med regionen, arbeidsoppgåvene og samarbeidspartnarar, blir arbeidet med revisjon av selskapet sin strategiplan ei viktig oppgåve framover. Allereie neste veke skal det gjennomførast strategisamling med styret og administrasjonen. Den nye daglege leiaren ser fram til å etablere kontakt med kommunane og medlemsbedriftene, og vil gjerne bli kjent med flest mulig i tida framover.

Nes Hjelle er 37 år og kjem opphavleg frå Nordfjordeid. Ho har siste åra budd på Lillehammer der ho har jobba som internasjonal rådgivar i Oppland fylkeskommune. Ho har drive mykje med informasjon om EU-program og rettleiing av aktørar i fylket som ønskjer å delta i europeiske samarbeidsprosjekt. Internasjonalisering har vore sentralt i val av både studium og arbeid.

På NTNU i Trondheim tok ho hovudfag i tysk. Utover dette er fransk, statsvitskap og internasjonal politikk også i fagporteføljen frå universitetet. I studietida hadde Inger Elin sommarjobb som guide og har vore med mange busslaster med cruiseskipturistar på overlandsturar og i Briksdalen.

På fritida er det aktivitetsbaserte opplevingar som er den store interessa. Inger Elin er på tur så ofte som mulig, og er ein flittig brukar av naturen. Ho er aktiv i turistforeininga og har dei siste to åra vore leiar av DNT fjellsport Lillehammer. ingerelin@nordfjord.no

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Norge og Olden på lista over topp 10 cruise

Det annerkjente magasinet Frommers som tidlegare i år rangerte Tromsø som verdas beste cruisedestinasjon å besøke i 2012, har no anbefalt topp 10 cruise for 2012. Her er Norge på topp 10 lista, med cruise som inkluderar Island – Geiranger – OLDEN – Flåm og Bergen. Sjå artikkel her

Port of Olden - Nordfjord

Posta under Cruise | Kommenter innlegget

Presentasjonar frå Fjord 2.0 konferansen 2011

14. – 16. november arrangerte NCE Tourism – Fjord Norway Fjord 2.0 konferanse. Konferansen hadde fokus på visjonen om at “NCE Tourism- Fjord Norway skal gjøre Fjord Norge regionen verdensledende på tematurisme”.

Fjord 2.0 konferansen er den årlige møteplassen for partnarar i NCE Tourism – Fjord Norway og andre i reiselivet, der ein får ny kunnskap, ny inspirasjon og ikkje minst kan ta del i utviklinga av tematurisme i Fjord Norge regionen.

Konferansen tilbydde både plenum og parallellsesjonar, debattar, speed-dating, utflukter og eit spanande kulturprogram.

Frå Reisemål Stryn & Nordfjord deltok marknadssjef Beate Vik Hauge og NCE representant Yngve Stee. For dei som ikkje kunne delta på konferansen eller som ynskjer å sjå tilbake på presentasjonane, så er ein god del av desse no tilgjengelege på NCE Tourism Fjord Norway sine nettsider: www.fjordnorway.com/no/NCE/ncekonferanse/Presentasjoner-Fjord-20-Konferanse-2011

 

Posta under Arrangement, Kompetanse, Produktutvikling | Merkt | Kommenter innlegget

Fjordane – Frå bre til hav 2. – 3. februar 2012

Innovasjon Norge Sogn og Fjordane har sendt ut følgande informasjon:

Konferansen Fjordane frå Bre til Hav er årets viktigste møteplass for reiselivsaktører i Sogn og Fjordane!

Her får du møte turoperatører, virkemiddelapparatet og ikke minst reiselivskollegaer som er interessert i innovasjon og utvikling!

Målet er økt lønnsomhet med attraktive opplevelser året rundt. En strategi er økt samarbeid, noe denne møteplassen skal bidra til.

Noen av konferansens høydepunkt i 2012 er Jomar Haukås Jakt og Fiske, Lofoten Vinter med XXLofoten, Hvitserk og Oppdrag Sognefjord.

I tillegg kan vi by på kurs i strategisk design, arrangementsturisme og økonomistyring. Du får også møte salgsledd fra inn- og utland.

Vi håper å kunne ønske deg velkommen til Loen 2. – 3. februar!

Hold av datoen nå, så kommer vi snart tilbake til endelig program og informasjon for påmelding!

Arrangører: Sparebanken Vest, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Innovasjon Norge, i samarbeid med NHO Reiseliv.

Arrangementet kan følges på Facebook.

Posta under Arrangement, Kompetanse | Merkt | Kommenter innlegget